Di barndomskyrkje
Stiklestad-tonane: dikt 1961.
I Ho lyfter til døypefonten med salmen dei kjære små. Og englane slepper duer ved lauget i livsens å. Så dukar ho alterbordet for skjelvande unge ja. Det glør ifrå ljos som blenkjer mot tårer på Golgata. Ho ringjer med gledeklokker, og jublar med orgelbrus for dei som i blømingstida vil byggje sin kjærleik hus. Ja, endåtil siste gongen når ljoset har brunne ned, kved klokkene sigershymne i levande von og fred. II Ho alltid let tru på våren få sprengje all livsens sut, ho opnar ved alle vegskil ein knopp som skal springe ut! |
![]() |
skrevet av Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |